Hopp til innhald

Elektrisk forskyving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektrisk forskyving eller elektrisk flukstettleik, vanlegvis med symbolet , er eit vektorfelt som opptrer i Maxwell-likningane. Det er ein fysikalsk storleik lik produktet av den elektriske feltstyrken, E, og permittiviteten, ε. Elektrisk forskyving skuldast dels frie ladningar i eit stoff.

I SI-einingar vert D målt i coulomb per kvadratmeter (C/m2).

Definisjon

[endre | endre wikiteksten]

I eit dielektrikum fører eit elektrisk felt E til at bundne ladningar i stoffet (atomkjernar og elektrona deira) vert noko fråskild, slik at det vert skapt eit lokalt elektrisk dipolmoment. Den elektriske forskyvinga D er definert som

der er permittiviteten i vakuum og P er den (makroskopiske) tettleiken til dei permanente og induserte elektriske dipolmomenta i stoffet, kalla polarisasjonstettleik. Ved å skilje den totale mengda ladningstettleik i frie og bundne ladningar:

kan tettleiken skrivast om som ein funksjon av polarisasjonen P:

P er eit vektorfelt der divergensen gjev tettleiken av bundne ladningar i stoffet. Det elektriske feltet tilfredsstiller likninga:

og dermed

.

Forskyvingsfeltet tilfredsstiller derfor Gauss-lova i eit dielektrikum:

.